Med morsmålet som matnyttig kontrastvæske

Her er lysarka til innlegget mitt i HF sitt Språkforum 29. november 2022, der eg grunngjev eit konsekvent kontrastivt perspektiv i framandspråkinnlæringa på universitetsnivået.

Hovudpoenget er at ein uansett må nytte ei eller anna form for filter for å få fasong på framandspråket, og at det som er nyttig når målet ikkje berre er å evne å ta seg fram i framanda land, men òg å vere ein ressursperson som kan formidle mellom morsmålet og framandspråket i ein yrkessamanheng, er å nytte morsmålet som dette filteret. Dette illustrerer eg med fem cases.


comments powered by Disqus