Gendererinnene: 12.000 nye ord i tysk

12 Mar 2021

«TYSK ER et mer kjønnet språk enn norsk,» skriv Hanne Aukrust Waagan i artikkelen Kjønnskamp på KontinentetiEuropa i februar 2019 – og godtgjer det med den motsette statusen som kvinnelege endingar på personnemningar har i dei to språksamfunna: -inne er utanfor i norsk, mens -in er innanfor i tysk. Spørsmålet som sjeldan blir stilt, er korleis det kan bli så stor skilnad mellom to så nærskylde språksamfunn i det som å sjå til er ei språkpolitisk sak.

Medan den skandinaviskspråklege tendensen har vore at nemningane utan kvinneleg ending blir gjeldande for båe kjønn, og dei med blir borte, er den tyskspråklege tendensen at nemningane med kvinneleg ending blir brukte meir – saman med dei utan, når det korkje er berre kvinner eller berre menn som er meint.

Kva kjem denne skilnaden av? Den kunne tenkjast å botne i noko politisk, for tendensane har hatt eller har drag av normering som har vore eller er omstridde. Men det rimer dårleg med at det er dei same, progressive kreftene som har skunda på utviklinga i båe språksamfunna. Det er betre grunn til å tru at den heng saman med graden av kjønnsgrammatikalisering i dei to språksystema, enda så like dei er: I tysk er den mykje høgare, nær hundre prosent når det gjeld personnemningar, og langt over eit vippepunkt som vi aldri var i nærleiken av.

Duden og Det store genderspranget

I januar 2021 tok det normgjevande Duden-forlaget i Tyskland steget: Den store nettordboka vart 12.000 oppføringar større i og med at alle personnemningar med -in-ending, som til no hadde vore deloppføringar under nemningane utan endinga, no fekk eigne artiklar – sjå sak på NDR eller i FR. Samstundes vart definisjonane i artiklane om nemningane utan -in-ending endra, frå 'Person, die…' til 'männliche Person, die…':

Denne snevrare definisjonen, seier redaksjonen, er i samsvar med kjernetydinga av ordet.

Kritikarane, med lingvistar som Elisabeth Leiss (München) og Peter Eisenberg (Potsdam) i front, meiner at nemningane utan kvinneleg ending har to bruksmåtar, og at det kjem an på konteksten: Er det avgjort kva kjønn det er tale om, er tydinga 'mannleg person som…', men er det ikkje det, anten av di kjønnet er ukjent eller av di folk av båe kjønn er meinte, er tydinga 'person som…'. Og denne andre, kjønnsnøytrale bruksmåten blir utdefinert når ordboka berre definerer den første.

3 offisielle parformer

Til det svarer ordbokredaksjonen at den bruksmåten aldri var heilt kjønnsnøytral, det såkalla generiske hankjønnet har ein mannleg overtone og konnoterer at det snarast er menn som kjem på tale. Dessutan, i og med at fleire no bruker differensierte nemningar eller parformer, i seks (!) ulike variantar, når kjønnet ikkje er kjent eller ein meiner folk av båe kjønn, er det blitt større rom for tvil om tydinga, om ordet utan -in-ending er meint kjønnsnøytralt eller om det berre er tale om ein mann eller menn.

3 uoffisielle parformer

Skulle det no ende slik at ein frase som «die Norweger» berre kan referere til halvdelen av nordmennene, eller at «Schüler» berre kan tyde 'gut(ar) som går på skule', så vil det, seier kritikarar, ha ei skuggeside: Å måtte nemne båe eller alle kjønn i alle samanhengar der båe eller alle er eller kan vere innblanda, inneber ei seksualisering som set skil mellom kjønna og slører til det dei har sams.

Look to «nordmennene»?

Som vi veit: I norsk, dansk og svensk er det heilt annleis. Her har vi hatt ei semantisk endring – «lærar», «lærer» og «lärare» har slutta å tyde mann som underviser og byrja å tyde menneske som underviser. Det har vore krefter som har skunda på denne utviklinga. Men når målstrevet her og det som er på tyskspråkleg grunn, har motsett forteikn, skuldest det ikkje at dei progressive kreftene har tatt ulike val i ei lik sak – heller at saka har vore sterkt ulik.

I norsk har det aldri, det er no det eine, vore på langt nær så mange -inne-former som det er -in-former i tysk. Det Norske Akademis ordbok (NAOB) gjev 156 treff på *erinne – her kjem ikkje alle -inne-formene med, men dei fleste, og det er mange på lista som har merknaden «foreldet» (nokre er til og med merka med «oppfattes nå støtende»). Duden-ordboka fører altså opp 12.000. Skilnaden blir mindre om vi reknar med ei anna kvinneleg ending i norsk, «-ske» – NAOB gjev omlag like mange treff på *erske – men berre litt mindre.

Dette heng saman med at mange personnemningar ikkje har vore omfatta av noka kvinneleg avleiingsending, korkje -inne eller -ske, og likevel brukbare om kvinner. Landskvindestemmeretsforeningen, stifta i 1898, hadde Fredrikke Marie Qvam som «formand». Bladet Urd, som kom ut frå 1897, hadde Anna Bøe som «redaktør» frå starten til 1933, og Anna og Cecilie Bøe sto som «udgivere».

Ei rolle har det nok spelt at «-inne»- og «-ske»-avleiingane ikkje har drege så mykje etter seg: I riksmål og «moderat» bokmål var og er dei maskuline, på line med orda dei er avleidde av – og, for den del, med ordet «kvinne».

Tvert om i tysk: «-in»-avleiinga er konsekvent feminin og har vore altomfattande, totalproduktiv, så sant nemninga har vore eit substantiv med hankjønn (og ikkje eit substantivert partisipp eller anna adjektiv) og den kvinnelege tydinga ikkje har hatt ei eiga rot (slik som «Mutter», eller for den del, «Frau»).

Dette gjer at ei slik semantisk endring som vi har sett i skandinavisk, er blokkert. Er det ei kvinne det handlar om, kan ho ikkje kallast «Lehrer» men må kallast «Lehrerin». Ho kan ikkje kallast «Goldschmied» men må kallast «Goldschmiedin». Ikkje «Gletscherführer» men «Gletscherführerin», ikkje «Käufer» men «Käuferin», ikkje «Redakteur» men «Redakteurin», ikkje «Herausgeber» men «Herausgeberin». Ei setning som «Erbe wurde eine Nichte» er umogleg, det må heite «Erbin wurde eine Nichte». Predikatet «ist als Arzt tätig» har berre mannlege subjekt, og søk på "Frau war ein tüchtiger" får knapt noko treff på heile nettet. For når nemningar alltid har alternativ i nemningar som elles er nestan like men har ei snevrare tyding, vil dei få den omvende tydinga. Som her vil seie å vere mann.

Dermed er det plent umogleg å vedta at «Lehrer» skal kunne vere predikat for eit kvinneleg subjekt, og det er vonlaust å streve for at det skal gje meining å seie eller skrive om ei kvinne at ho er «Goldschmied» eller «Gletscherführer», og så bortetter. For om det skulle seiast og skrivast på brei front, ville ei god mengd utsegn i språket bli meiningslause eller sjølvmotseiande, og språket ville få ein lei defekt.

Så – skulle dei ha gjort som oss? Nei, utgangspunktet var altfor dårleg. Og no må dei stri seg gjennom det.


Aftenposten 11. februar 1938

 

«Norwegens Heldin war Laila Schou Nilsen. Landesmeisterin im Tennis. Weltmeisterin im Eisschnelllauf…» (Merkur.de 12. März 2021)

 

 


comments powered by Disqus