I alle fall sidan 2005 har «ikke oss og dem, men vi», i litt ulike variantar, vore eit slagord, eller munnhell, fyrst og fremst i helse- og sosialsektoren og i frivillig sektor, men elles òg. Sistpå er det blitt annektert som eit slogan for stiftelsa Vi: Like muligheter til å prestere, som fremmer idrett uavhengig av funksjonsevne.
Men korleis kan det få til å tyde det vi tydelegvis får det til å tyde? Det er uklårt – og her er ein freistnad på å klåre opp i det.
Meininga med munnhellet
Til å byrje med, her er eit knippe kontekstar med strengen «ikke oss og dem»/«ikkje oss og dei»:
- – Nå må vi lære å tenke vi, ikke oss og dem, sier…
(Kommunal Rapport 23.11.2005) - «Ikke oss og dem, men vi – samarbeid med
kvinner med minoritetsbakgrunn»
(mellomtittel, 20 år Kvinner på tvers: Brobygger og pådriver, august 2013) - «Jeg heier på de som…inkluderer. Det er ikke oss og dem, det er vi.»
(Marthe Valle i Harstad Tidende 14. januar 2016) - «Vi trenger et samfunn som tar innbyggerne på alvor. Det er ikke oss og dem - det er vi som må løse utfordringene i fellesskap. Som pasienter, behandlere, pårørende, medmennesker og beslutningstakere.»
(Hans Christian Lillehagen, generalsekretær i ExtraStiftelsen, i Nettavisen 15. januar 2016) - «Vi må bygge på tanken om eit vi, ikkje oss og dei, og skape ein samarbeidskultur.»
(Årsplan Straume barnehage 2017/18)
Skal vi destillere ut ein essens av mottoet, må det bli noko slikt som at i staden for å skilje på rolla til givar og mottakar, majoritet og minoritet, skal ein ha eit sams perspektiv, og setje sann og symmetrisk inkludering i staden for asymmetrisk integrering med ein aktiv og ein passiv part, gruppetenking (i ålmennspråkleg, ikkje sosialpsykologisk meining) og "klientifisering".
To pronomen, tre former
Men det som er mystisk, er at «oss» og «vi» er same ordet i to former, og at den einaste skilnaden på dei er at dette er nominativ- eller subjektforma medan det hine er akkusativ- eller objektforma. Denotasjonen, eller referansen, er den same: Ei gruppe der den eller dei som taler eller skriv, er med.
Dette er òg blitt påtalt:
- «Vi-ingen er ofte velment, som i en nå ganske synlig reklamekampanje for å bedre funksjonshemmedes situasjon: «Det er ikke oss og dem, det er vi», heter det. Her brukes subjektformen «vi» som et trylleord, som om det skulle bety noe annet enn objektformen «oss». Reklamen kunne like gjerne ha sagt: «Det er ikke vi og de, det er oss.»
(Frank Rossavik, Aftenposten 26. mai 2020)
Tja – om den no kunne det? Det finst i alle fall berre heilt sporadisk – som her:
- Jeg vil si at jeg er helt sikker på at den foreldregruppen har hatt et veldig godt klima, de har hatt utbytte av det å få den støtten seg imellom og oss. Vi var 4 eller 5 det var ikke vi og de men oss.
(Frå Gunvor Grødem Aamodt: Styrking av familier: Erfaringer med utprøving av et familiebasert ferdighetstreningsprogram i kommunalt psykisk helsevern, Masteroppgave, Diakonhjemmets høyskoler 2015) - Det blir spesielt viktig at vi klarer å skape en felles kultur, at det blir oss og ikke vi og de, sier Hannevik.
(Arendals Tidende Næring 21. oktober 2013)
Preferansen er klår: Det er objektforma av det peronlege pronomenet i 1. person fleirtal som blir koordinert – med «og» – med den tilsvarande forma av tredjepersonpronomenet. Og det har vel sin grunn.
Det vi finn noko oftare, er same forma på førstepersonpronomenet to gonger:
- – Det er ikke vi og de, det er vi
(Tittel på artikkel på Helseplattformen 28. oktober 2019) - «I det fleirkulturelle samfunnet er det ikkje oss og dei, det er oss.»
"Det fleirkulturelle samfunnet, det trur eg me byrjar å sjå no": Ei kvalitativ intervjustudie av fleirkulturell praksis i Pedagogisk-psykologisk teneste, Wenche Hildal, masteroppgåve NTNU 2014
Om vi går systematisk til verks, og ser bort frå samanfall mellom subjekt- og objektformer i talte varietetar (eller når det gjeld «dei»), har ein tre kombinasjonar å velje mellom:
- Det er ikke oss og dem, men vi.
- Det er ikke oss og dem, men oss.
- Det er ikke vi og de, men vi.
- Det er ikke vi og de, men oss.
Kvifor er preferansen så sterk for «(ikke) oss og dem», som i (1)? Vi har vel ei kjensle av at det er dette, framfor «(ikke) vi og de», som best ber bodskapen, om eit skilje mellom to ulike roller som det gjeld å styre utanom. Men spørsmålet står att: Kvifor det?
Distribusjon og konnotasjon
Distribusjonell semantikk har som leietråd at eit uttrykk tar farge av dei omgivnadane det har – sjå t.d. Katrin Erk sin artikkel "What do you know about an alligator when you know the company it keeps?" i Semantics and Pragmatics 9 (2016). Liknande tankar finst hos Arne Næss og hos den seine Wittgenstein (så framande dei elles var for kvarandre). Og når to uttrykk som i og for seg tyder det same – har same denotasjon – skil seg frå kvarandre i kva kontekstar dei står i, vil dei utvikle konnotasjonar som speglar desse skilnadene.
Slike skilnader kan vi måle i store tekstkorpus, som NoWaC-korpuset (Norwegian Web as Corpus) på 700 millionar ord. Og her finn vi ein god grunn for at «oss og dem» er eit betre bilete på det skiljet mellom roller som det gjeld å akte seg for, enn det "vi og de" er.
Det eine er at «oss og dem» rett og slett er meir i bruk enn «vi og de» – rundt rekna fem gonger meir. Og dét trass i at forma «vi» er rundt fire gonger meir brukt enn forma «oss». Men enda meir talande er det som kjem for ein dag når vi går nærare etter dei kontekstane den eine eller andre «og»-frasen står i: Slike som kan seiast å inkludere 1. og 3. person, som når «både» står framfor, er forholdsvis få når det gjeld «oss og dem»: Like få som for «vi og de». På den andre sida er det mange kontekstar for «oss og dem» som kan seiast å ekskludere den eine frå den andre gruppa, gjennom å sondre mellom dei:
- «skiller oss og dem»
«forskjell på oss og dem»
«skille mellom oss og dem»
«grense mellom oss og dem»
«barriere mellom oss og dem»
«avstanden mellom oss og dem»
«polariseringen mellom oss og dem»
Vi får ikkje retteleg til å samanlikne kor stor del av «dem og oss»-kontekstane som er av dette slaget, med kor stor del av «vi og de»-kontekstane som er det, ettersom preposisjonane «på» og «mellom» og verbet «skille» styrer akkusativ. Men vi kan samanlikne «dem og oss»-kontekstane med «meg og deg»-kontekstane, og jamvel om det er dobbelt så mange av desse som av dei hine totalt, så er det berre knapt like mange kontekstar med «mellom» rett framfor «meg og deg» som med «mellom» rett framfor «oss og dem». Og kontekstar med preposisjonen «for» rett framfor, som kan kallast inkluderande, er det seks gonger fleire av for «meg og deg» enn for «oss og dem».
Med dette i mente er det ikkje å undrast over at uttrykket «oss og dem» har fått ein overtone av ekskludering i tydinga si som «vi og de» manglar.
Nominativ og agentivitet
Om vi no har eit grep om kvifor (1) er betre enn (3), så har vi enno ingen tanke om kva som er betre med (1) enn med (2) – kvifor skal den pronomenforma som står for seg sjølv, helst stå i nominativ?
Ein grunn kan vere at det rett og slett er om å gjere å lage ein kontrast: Når det no er akkusativforma som er best i pronomenparet med «og» imellom, gjeld det å nytte ei anna form enn den når den allinkluderande gruppa skal nemnast. Ja, det kan hende denne tanken har noko for seg.
Men ein annan tanke som kan vere verd å tenkje, er den at det ikkje berre er om å gjere å slå saman to grupper til ei, men denne eine, store gruppa skal òg ha ei aktiv rolle å spele. Vi kjem i hug at «oss og dem»-tenking er å gje «dem» ei passiv rolle som minoritet, mottakar, offer, klient – og når dei no skal vere innslutta i ei 1. person fleirtal, skal ikkje denne rolla fylgje med, nei, storgruppa skal nemnast med noko som får fram agensrolla. Og den er i norsk nokså nært knytt til kasusen nominativ, subjektforma.
Dansk og engelsk og svensk
I dansk er det «ikke os og dem» som gjeld, i svensk «inte vi och dom» – og frekvensen er nokolunde lik som i norsk, kan det sjå ut som. Så her er det ikkje noko som indikerer at talemåten er importert frå det eine til det andre.
I tysk er noko liknande heilt ukjent. I engelsk kan vi finne tilfelle som dette:
- Smith noted that the diversity concerns surrounding the Academy Awards need to be discussed and handled as a team, and that the academy "family" must work together for a solution.
"I think that it's not us and them—it's we," Smith said. "I'm a member of the academy, so it's much more a domestic family issue than it is a civil rights issue, so it's a problem we all have to solve."
(abcNews 29. januar 2016)
Men mykje er det ikkje å finne, så det er heller ikkje likt til at talemåten kjem derifrå.