Dette som Sønsteby sa – det er «dette» det heng på

01 Mar 2021

Ei av nøkkelkjeldene i Marte Michelet si bok Hva visste Hjemmefronten? er ein passasje i eit lydbandintervju med Gunnar Sønsteby frå 1970. Dette er òg eitt av nøkkelpunkta i striden om boka. Ingen har hevda at transkripsjonen er feil (Ragnar Ulstein, som gjorde intervjuet, har stadfest at den er rett), men somme har meint at Sønsteby minnest feil eller overdriv og ikkje skal takast på ordet, og somme at Michelet kor som er overtolkar utsegnene hans.

Men det ingen, etter det eg har kunna sjå, har nemnt, er at brennpunktet for tolkinga finst i eitt ord: Pronomenet «dette» – og at om vi verkeleg tar Sønsteby på ordet, dette ordet, så må vi mest meine at Michelet mistolkar.

Passasjen i intervjuet er slik:

Lydfila ligg på SoundCloud, og sjølv om det Ulstein seier, er vanskeleg å få tak i mot slutten (det kan mest høyrast som at han berre seier «Vi hadde i '42 denne voldsomme jødeaksjonen ... med ... var du ... kan du ... eh»), er det hundre prosent sikkert at Sønstebysitatet er ordrett (bortsett frå to repetisjonar: «vi» og «da var det»).

Sterk tolking

Det som for mange er blitt ståande som konklusjonen på dette, er at Sønsteby og andre i Heimefronten kjende til, eller visste om, aksjonen – arrestasjonane og deportasjonane – tre månader før den fann stad.

Det er talande i så måte når det i kompendiet Hågkomstresor till Norge: I spåren av den norska Förintelsen, Forum för levande historia samt Voksenåsen (2019), heiter: «Michelet skriver till exempel om hur "krigshjältarnas krigshjälte", Gunnar Sønsteby, i en intervju har medgett att han förvarnades om deportationerna av judarna tre månader innan de skedde.» Og at Maria Fritsche i meldinga av Micheletboka i Historisk tidsskrift 98(4) refererer til Sønstebyytringa som «Sønsteby's statement that the Norwegian resistance leaders knew about the planned actions against the Jews as early as summer 1942».

Ragnar Ulstein har tidlegare delt denne sterke tolkinga, for i eit brev til Arvid Brodersen i 1978 skreiv han at «ei av mine kjelder, Gunnar Sønsteby, har hevda at han fekk beskjed om jødeaksjonen ca. 3 månader før den vart sett i verk». (Kjelde: Christopher S. Harper, «Hva var kjent om jødeutryddelsene før Donau-deportasjonen? Et forsøk på nøktern dokumentering», Samtiden 135(1) (2015), 105–122.)

Svak tolking

Ei rad historikarar har meint at den sterke tolkinga er for sterk. Frode Færøy, til dømes, sa til Dagbladet 8. november 2018: «Sønsteby kan ha fått et varsel om at noe var i gjære, uten å vite helt konkret hva som skulle skje, og når.»

Og Ragnar Ulstein sa til Dagen 9. november 2018: «Sønsteby visste at dette kom til å skje, men han kjente ikke til når jødene skulle tas.»

Det som minimalt skil den svake frå den sterke tolkinga, er nett dette: Sønsteby fekk i august 1942 varsel som gjorde han viss på at dei norske jødane kom til å bli arresterte (svak tolking) – i november (sterk tolking).

Nærlesing styrker svak tolking

Historikarar og journalistar er ikkje lingvistar, og argumenterer ikkje så ofte på mikroplan om kva ei ytring kan tyde. Likevel er det rart at ingen har bite seg merke i eit eigenarta ordval som Sønsteby gjer i svaret sitt:

Ulstein hadde spurt (ifølgje Michelet sin transkripsjon): «Eh, kom du borti den?», der «den» peiker attende på «denne voldsomme jødeaksjonen». Det naturlege dersom Sønsteby hadde meint at «vi kom borti» aksjonen, ville ha vore å bruke pronomenet «den». I staden brukte han «dette», eit peikande pronomen i inkjekjønn, som rett nok kan peike på noko, men ikkje attende på eit uttrykk som «denne voldsomme jødeaksjonen». Eitt er at kjønnet ikkje stemmer, men ikkje nok med det: Det er rett og slett ikkje mogleg for «dette», slik det er det for «den» eller «det», å ta opp att det nøyaktige innhaldet i eit uttrykk i konteksten, med mindre uttrykket står i kontrast til noko anna, og det gjer ikkje «denne voldsomme jødeaksjonen» i spørsmålet frå Ulstein. Skilnaden kan nok her synast liten, men den er reell nok: Det følgjer ikkje av det Sønsteby seier, at dei kom borti jødeaksjonen.

Så kan ein spørje om han ikkje forsnakka seg og eigentleg meinte «den» når han sa «dette». Og jau, språkproduksjonsapparatet gjer feil frå tid til anna, og det å forveksle to ord er ein kjend sort feil. Men slike «lexical slips» råkar mest berre såkalla innhaldsord, i opne ordklassar, og ikkje funksjonsord, som pronomena er. Så nei, når Sønsteby seier «dette», så er det likt til at han meiner det.

Og kva legg han så i det? «Dette» vil oftast stå for noko abstrakt som er framme i situasjonen eller som ein kan tenkje seg til ut frå det som nyss er nemnt i samtalen eller teksten. Det er òg tilfellet i denne samanhengen – forma «sammenfatter noe nettopp nevnt eller omtalt», for å seie det med Det Norske Akademis ordbok. Den har innhald på line med ei setning, sjølv om det er litt uklårt kva setning som skulle kunne uttrykke dette innhaldet. Den som vel helst kjem på tale, er at jødane kom til å bli tekne, eller kanhende endå meir generelt, at noko slikt var i emning.

Omsettinga som Maria Fritsche gav i den engelskspråklege meldinga si av Micheletboka i Historisk tidsskrift i 2019, er meir i tråd med ei sterk tolking:

Ho kunne, som rett hadde vore, ha brukt pronomenet «this», men ho brukte pronomenet «it». Det kan referere til kva som helst som ikkje er levande, og i konteksten her vil det helst bli tatt for å peike attende på aksjonen, som om Sønsteby skulle sagt «Ja, vi kom borti den tre måneder før den ble iverksatt».

Men det sa han altså ikkje. Og det tyder på at det dei ifølgje han kom borti, ikkje var ein handfast plan, men eit meir uklårt, om enn særs alvorleg, trugsmål.


comments powered by Disqus