I krøll for Kjøll: «Tar på det sterkeste avstand fra anklagene»

31 Jan 2021

I ettermiddag sende Norges idrettsforbund ut ei pressemelding der president Berit Kjøll kommenterer «Final report of the IBU External Review Commission» og dei handlingane den skuldar den tidlegare presidenten i Det internasjonale skiskytterforbundet, Anders Besseberg, for – og fordømmer dei. Eller – gjer ho no det?

Rapporten, som kom for tre dagar sidan, seier mellom anna at Besseberg har late seg smøre til å hjelpe Russland med å skjule doping. Same dag kom Kjøll med denne utsegna:

Bladet frå munnen

Sportsredaksjonar og andre har meint at dette var litt blasst og generelt, særleg etter som dagane har gått. Men no tar idrettspresidenten sterkare ord i bruk og seier på NIF sine nyhendesider (mi utheving):

Les det ein gong til, spesielt det med å ta avstand frå skuldingane som kjem fram: Er dette å ta bladet frå munnen og seie klart ifrå om at skuldingane må takast på høgste alvor? Nei, når det gjeld å ta «avstand fra anklagene», er det tvert om: Skal vi ta henne på ordet, leverer ho eit sterkt forsvar for Besseberg og går til motåtak på kommisjonsrapporten.

Avstand fra anklagene

For kva er det vi legg i det når vi seier at vi tar avstand frå desse eller hine skuldingane? At vi meiner at dei er falske.

I NoWaC-korpuset (Norwegian Web as Corpus) – eit web-basert korpus for bokmål med 700 millionar ord – er det to døme på ordfølgda «avstand fra anklagene»:

Det går fram av kontekstane at det Jan Bøhler seier, er at skuldingane er grunnlause og at han ikkje er asylskeptisk, og at det Vegard Kristiansen Kvaale skriv, er at grunnen til at studentpolitikarane har innstilt han, ikkje er at dei er redde for kritikk.

Frisøk på nettet gir same eintydige resultat: Ordfølgda «sterkeste avstand fra anklagene» finst berre i samanhang med dagens tekst, men «sterk avstand fra anklagene» gir ein 15-20 treff, og «sterkt avstand fra anklagene" gir ein 5-6 treff. Desse to er typiske:

Etterkontekstane – «og kaller dem fullstendig urimelige» og «vi kan ikke se at disse påstandene er realitetsforankret» – gjer det klinkande klårt at det som er meint, er at skuldingane ikkje er sanne. Og denne meininga er sams for alle treffa.

Som har noko anna til felles òg: Alle subjekta for avstandtakinga er samstundes dei som får skuldingane mot seg. Søk på den kortare ordfølgda «avstand fra anklagene» gir eit femtitals treff, og her er det eit par der den som tar avstand frå skuldingane, er ein annan enn den som blir skulda – og her er dei i pressa, dei som tar avstand frå skuldingar på andre sine vegner:

Oppsummert: Setninga «jeg tar på det sterkeste avstand fra anklagene som fremkommer om…» tyder noko heilt anna enn det som her openbert er meint, og det funkar visst, for redaksjonar refererer setninga utan å blunke, over ein lav sko. Frå semantisk synsstad er dette særs interessant.

To tunger?

Så – kva er det Berit Kjøll har sagt eller skrive? Eigentleg? Her er tre tankepunkt:

  1. Det ho har uttrykt dersom gjengs språkbruk skal leggjast til grunn, er at skuldingane mot Besseberg om maktmisbruk, korrupsjon osb. er noko stort tull.
  2. Men det ho nok har meint å få fram, og det mange nok òg får med seg, er at ho tar avstand frå det rapporten seier at Besseberg har gjort dersom han har gjort det. Og dét er ikkje stort anna enn eit mindre generelt uttrykk for det ho sa for tre dagar sidan: At NIF «tar sterk avstand fra alle former for korrupsjon i nasjonal og internasjonal idrett». Mindre generelt, men like blasst og atterhalde. Alternativet ville vere om det sto at ho tar avstand frå «det som fremkommer om maktmisbruk, korrupsjon» osb., og det vil ho unngå, for det ville presupponere at Besseberg har gjort det.
  3. Men nokre vil nok òg oppfatte det slik at ho no har skjerpa tonen monaleg og distanserer seg frå Besseberg. For neste avsnittet hennar byrjar slik: «– På flere ulike områder er disse handlingene fullstendig uforenlige med idrettens verdier og våre forventninger til godt styresett i internasjonale idrettsorganisasjoner.»

«Disse handlingene»? Det kan lesast generisk, og da er det like blasst som utsegna torsdagen, – det kan lesast episodisk og aktuelt, men da ligg det førehandsdømming i det, – og det kan lesast som episodisk men berre potensielt, berre «slik rapporten beskriver». Og slik må det vere meint – subtilt, men mogleg.

Er det dobbelkommunikasjon? Både ja og nei – teksten kommuniserer i alle fall ikkje berre på det bokstavlege planet. Retorikken er god, den, så sofistane ville vore nøgde, om enn Platon ville tatt avstand.

Og språkpuristar vil rase – for ein viktig brikke i spelet er å snu på eit uttrykk og få det til å tyde noko nytt, og det er anatema for dei. Men dette nye er jo ikkje vilkårleg, det følgjer ein slags logikk: Det å ta avstand frå ei skulding om ei handling, brukar å tyde at skuldinga er feil, feil i tydinga usann, – men så kan det òg, somme gonger, tolkast som at handlinga er feil, feil i tydinga uetisk, soframt skuldinga er sann. Korleis denne logikken ser ut i detalj, er ei gåte, men ei gåte av eit slag som appellerer til semantikarar og som skulle kunne løysast.

Condemn the allegations

Og sanneleg finst ho ikkje i engelsk òg, nytydinga – sjå berre på dette frå reportasjen «Artists, musicians denounce sexual harassment, misogyny in local music scene» på interaksyon (13. desember 2017):

Særskilt interessant er kongruensfeilen i relativsetninga: Verbet står i eintal trass i at setninga står til fleirtalsfrasa «allegations…», noko som tyder på at Reodica opplever «sexual misconduct» som objektet for «condemn» – og «allegations of» som «alleged», ein modifikator berre.

Det finst fleire døme, òg – her eit heilt nytt eitt frå reportasjen «NJ Legislative Black and Latino Caucuses Condemn Alleged Abuse and Violations of Basic Human Rights at Edna Mahan Correctional Facility – Join Colleagues in Administrative Leave of Commissioner Hicks and Ombudsman Di Benedetti» på Insider New Jersey (28. januar 2021):

Så da er det berre eit spørsmål om tid, vil eg tru, før nokon gir seg i kast med gåta.



comments powered by Disqus