Found in translation (Norwegian)

22 Dec 2020

Når forfattarar eller lyrikarar omset eller gjendiktar andre sitt arbeid, hender det at dei forbetrar det. Eller - i alle fall at omsettinga eller gjendiktinga blir annleis enn originalen, på nokså vesentlege punkt. Her er tre døme.

Det første er frå Romeo og Julie, der Edvard Hoem gjev Shakespeare litt hjelp, det andre er frå Tolvskillingsoperaen, der Halldis Moren Vesaas gjer Brecht betre, det tredje er frå romanen Auroras Anlass av Erich Hackl, som Lasse Tømte gjev ein skuv (Auroras motiv, 1.1.1988).

Hoem og Frøken Julie: Første og andre person

I «Balkongscena» i Romeo og Julie seier Julie til seg sjølv:

Det er einast namnet – som er noko kunstig, overflatisk og vilkårleg – som står mellom henne og Romeo, og som dermed er ein fiende. Fienden hennar. Dersom Romeo elskar henne slik ho elskar han, er namnet hans ein fiende for han òg, det er klart. Og han gjer det, han elskar henne slik ho elskar han. Men det er som sin eigen fiende Julie omtalar namnet Montague. Ho set seg sjølv i fokus, som den som attrår og strir.

Det rare Hoem gjer i gjendiktinga si, er å snu på dette: På norsk blir det Romeo som har namnet sitt som fiende:

Dermed er det ikkje lenger Julie som står i sentrum, med eigen vilje til trass, men Romeo, mannen. Julie lever seg inn i han og gjer seg von om at han bryt over tvert og kjem og bergar henne ut av berget det blå.

Moren Vesaas og Jenny: Tredje og andre person

Når Polly syng hemnfantasien til oppvaskjenta Sjørøvar-Jenny i Tolvskillingsoperaen, vender ho seg til dei forhatte kneipegjestane og tiltaler dei med personleg pronomen, fire gonger i første strofa, ein gong i andre og ein gong i fjerde. I gjendiktinga til Halldis Moren Vesaas (Det Norske Samlaget 1992) er tiltalen i andre strofa bytt ut med tredje person.

Det rette ville vore:

Skilnaden er minimal grafemisk og fonologisk: Ein «i» frå eller til, ein diftong i staden for ein [e:]. Kor stor eller liten den semantiske skilnaden er, kan diskuterast – i og for seg gjev det god meining med tredje person òg, det er ikkje det. Men det er altså ikkje det Polly meiner.

Eller – kva Polly meiner, kan ein jo eigentleg ikkje høyre: Om det er «Sie» eller «sie», fonologisk kjem det ut på eitt, det er einast grafemisk at det er skilnad på tredje person fleirtal og den formelle tiltaleforma. Så på sett og vis kan det vere plent det same. Men – og her blir det litt subtilt – tyskspråklege tilskodarar og tilhøyrarar vil ikkje oppfatte dette Sie-et som eit sie, etter di det ikkje finst nokon fleirtalsreferent i songen som dette kunne peike attende på. I Vesaas si gjendikting gjer det det, sidan ho har gjengjeve det tyske man med folk første gongen og sidan med dei. Men eit man kan ikkje takast opp att med eit sie, berre med nok eit man eller eit einen eller einem.

Lasse Tømte og kasuskampen

Romanen Auroras Anlass av Erich Hackl frå 1987 kom ut i norsk omsetting av Lasse Tømte på Cappelen forlag i 1988. I originalteksten heiter det (det handlar her om kva rolle kvinnefrigjering skal ha i sosialistrørsla i Spania før borgarkrigen):

Dette tyder:

Men det er omsett med:

Her er klassekampen subjekt og arbeidarane objekt. I Hackl sin tekst er det omvendt. Provet på det er akkusativen, den Klassenkampf – skulle det vere slik omsettaren har tolka det, måtte det stått der Klassenkampf, pluss – dobbelt opp med andre ord – at verbet står i fleirtal, wollen, i motsetnad til will, som det måtte stått om klassekampen skulle vore subjekt.

Det er ikkje naudsynt å moralisere, men det som er interessant, er at den tyske setninga er eit sjeldant fint døme på ein informasjonsstruktur som ikkje er mogleg i norsk eller fastlandsskandinavisk generelt, enda så nærskylde desse to språka er: Den Klassenkampf er eit kontrastivt fokus, og det kan ikkje ei dansk, norsk eller svensk setning ha i forfeltet (eit kontrastivt topik går, men ikkje eit kontrastivt fokus). Det er grunnen til at den rette omsettinga over er ein utbrytingskonstruksjon.

Ei motvekt: Høverstad og Langballe

Slike feil som dette – for det er feil det er, ikkje tillempingar eller justeringar som kan vere det beste ein får til i eitt av tallause dilemma omsettarar møter – slike feil spring ein ofte i augo når ein sankar material i språkundervisning eller språkforsking. For det gjer ein gjerne med parallelle tekstar til hande, og aller helst med søkbare parallellkorpus, der originaltekst og omsett tekst synest side om side. Det er mykje rart som kjem for ein dag.

Men så finn ein òg noko som gjev ein att trua på intellektet. Her er eit døme på omsetting med motsett forteikn, der omsettaren ikkje har late seg gå på autopilot men er blitt trigga av eit problem, og synt profesjonalitet, enn seie genialitet.

I bok 4, kapittel 6, i Harry-Potter-serien heiter det:

Ti av elleve omsettarar ville ha skrive:

Men ikkje den ellevte, Torstein Bugge Høverstad. Han såg at denne norske setninga, i motsetnad til den engelske, er tvetydig: Det var mest alltid noko Nilus gløymde å pakke, eller, det var mest alltid at Nilus gløymde å pakke noko som helst. Denne andre tolkinga er mogleg av di det norske pronomenet noe ikkje er eit såkalt positiv-polaritets-uttrykk, noko det engelske something er: Konkurransen med negativ-polaritets-uttrykket anything gjer at dette pronomenet må ha rekkjevidde over den negasjonen som er implisitt i verbet forget - i norsk, derimot, er det ikkje noko som svarer til anything, og dermed kan noe like godt ha trong rekkjevidde andsynes den implisitte negasjonen i verbet glemme.

Høverstad skriv det som høver seg:

Dette er eintydig og heilt i tråd med originalen, og grunnen er at det her ikkje er noka (infinitt) setningsgrense mellom glemme og noe, så at pronomenet ikkje kan kome inn under nokon negasjon.


comments powered by Disqus