BT, FrP, PFU og «brunskvetting»: Alle misforstod

16 Dec 2020

Pressas Faglege Utval hadde møte i dag og avviste klaga frå Christian Tybring-Gedde, så Bergens Tidende blei ikkje felt for å ha skrive at Oslo Framstegsparti dreiv med brunskvetting. Det ingen merka, korkje BT, Tybring-Gjedde eller PFU, var at omgrepet «brunskvetting» i kommentarartikkelen i BT 8. juli vart brukt i ei heilt anna tyding enn den som har vore vanleg. Avisa kunne godt ha blitt felt dersom god presseskikk omfatta å ikkje snu språket på hovudet.

I kommentarartikkelen stod det:

Og i klagen stod det:

I tilsvaret skreiv BT mellom anna:

Heilt misforstått

Så kva legg dei i dette omgrepet, alle tre aktørane i denne klagesaka? Ein ekstra peikepinn får vi i grunngjevinga for frifinninga i PFU:

Noko slikt som dette, altså: Å brunskvette er å gje uttrykk for haldningar som kan assosierast med nasjonalsosialismen.

Og dét er noko nokså nytt. Det rimer ikkje i det heile med måten ordet er brukt på av FrP sin eigen Per-Willy Amundsen i NRK-saka frå 2008 – Driver med brunskvetting. Her seier han at Jens Stoltenberg driv med brunskvetting når han kritiserer Siv Jensen for å «skape mistenksomhet mellom grupper med ulik etnisk bakgrunn» og seier at «historien er full av eksempler på konflikter som handler om» det. Frå artikkelen på NRK:

Det han legg i omgrepet, er altså noko slikt som: Å brunskvette er å gje uttrykk for at den ein talar om, har haldningar som kan assosierast med nasjonalsosialismen.

Og dét er jo noko heilt anna. Å brunskvette i denne tydinga er å skulde andre for å brunskvette i den andre tydinga.

Det gamle og det nye

Det er nok denne som er den opphavlege: Verbet «brunskvette» og nominaliseringa «brunskvetting» har opphavleg ei meir samansett meining enn dei no ser ut til å få. Det har vore ei semantisk rolle meir, som no blir borte, ei rolle som har kunna knytast til i form av eit objekt («brunskvette sine kritikere», document.no) eller ei PP («brunskvetting mot målrørsla», utdanningsnytt.no). I den nye tydinga går det ikkje med desse syntaktiske utfyllingane.

Søk på «brunskvetting» i arkivet i Bergens Tidende gir 10 saker: 8 der ordet er brukt på gamlemåten og 2 der det er brukt på nymåten. Det litt rare er at BT sjølv, i tilsvaret sitt i den aktuelle saka, synest å blande ihop dei to tydingane, for dei skriv òg, mellom mykje anna:

Ja, nett så! Men det lèt seg ikkje sameine med det som var meininga i kommentaren. Eller skal vi lese dette som ein freistnad på å vri på den meininga i ettertid – det kommentatoren eigentleg meinte, var at det var Jensen-folket, ikkje Tybring-Gjedde-fraksjonen, som hadde brunskvett, når dei sette foten ned mot nasjonalkonservativismen? Eg trur ikkje det, det blir for søkt.

Men det melder seg ein interessant tanke: Kunne ikkje PFU ha avvist klaga på reint språkleg grunnlag? Grunngjevinga kunne sjå ut omtrent slik:

Men dette var nok siste sjanse, for snart er det vel for seint, og det blir like greitt å skrive om Tybring-Gjedde at han brunskvetter som å skrive det om Stoltenberg.


comments powered by Disqus