I hovuda sine: Om avhengig fleirtal

07 Jan 2022

Han var nok ikkje medveten om det denne gongen heller, språkrettaren i Aftenposten, men atter ein gong har han pirka borti eit fenomen med stor vitskapleg interesse. I laurdagsspalta «Språket vårt» den 6. november går han i rette med journalisten som hadde skrive om dei tre kongressrepresentantane i USA at dei hadde fortalt «om sine aborter», når kvar av dei berre hadde hatt ein abort.

Are Møster Ottesen skriv:

Inga forklåring – men det han meiner, er vel at «sine aborter» kan få oss til å tru at Cori Bush, Barbara Lee og Pramila Jayapal har hatt to eller fleire abortar kvar seg, eller at minst ei av dei har hatt det, noko som ikkje stemmer. Eller – kanhende han berre meiner at «sine aborter» kan få oss til å tru at minst ei av desse tre kvinnene kan ha hatt ikkje berre ein, men to eller fleire abortar, med andre ord at kvar av dei har hatt minst ein abort, noko som er mindre presist enn at kvar av dei har hatt ein og berre ein abort.

Det er faktisk ikkje så heilt enkelt å formulere den regelen som «denne feilen» er eit brot på. Men lat oss prøve:

(Det med «tre» er sjølvsagt tilfeldig, den fleirtalsfrasen som «lisensierer» ein såkalla avhengig plural – sjå lenger ned – kan ha ei rad ulike former.)

Men dette er nok for generelt. I avsnittet «De lata svamparna» (光るキノコの正体) i animasjonsserien Mumindalen går det fram at Mummitrollet, Sniff og Lille My har ei og berre ei korg kvar, og likevel blir det rart om «kurvene sine» blir erstatta med «kurven sin»:

  1. ?Mummitrollet, Sniff og Lille My drar ut i skogen for å plukke sopp.
    ?De fyller kurvene sine til randen og skynder seg hjem.
  2. ?De fyller kurven sin til randen og skynder seg hjem.

Det ville suggerere at dei tre hadde ei korg på deling.

Grunnen til at dette ikkje vert noka sak i samband med (3) versus (4), er at relasjonen mellom kvinne og abort er, som det heiter i logikk, ein-til-mange, medan relasjonen mellom vesen og soppkorg er mange-til-mange. Det går ikkje an for tre å ha ein abort på deling, men det går fint an for tre å ha ei korg på deling, og det er denne lesinga, i strid med samanhengen, som vinn fram med (2).

  1. I USAs kongress fortalte tre medlemmer om sine aborter.
  2. I USAs kongress fortalte tre medlemmer om sin abort.

Likeeins med relasjonar som er mange-til-ein: Eintal vil lett få oss til å tru at A-ene har sams B, i alle fall når A-fleirtalet ikkje er generisk eller for stort og det elles ikkje går fram av samanhengen at ikkje alle har sams B, slik som i (6).

  1. På marka svinsar fire lam rundt beina på mødrene sine.
  2. På marka svinsar fire lam rundt beina på mor si.

Så Ottesenregelen må modifiserast.

Det står att eitt slag relasjon: Ein-til-ein-relasjonar, der kvar A berre kan ha ein B og det berre kan vere ei A for kvar B. Det er ikkje urimeleg å tru at Ottesen vil seie at det kjem på det same om det går fram av samanhengen at kvar A berre har ein B eller om dette ligg i orda og ikkje kan vere annleis, – og rette (7) til (8):

  1. Men mest tykkjer eg nynorskhatarane er toskne i hovuda sine og kan halda kjeften på seg! (Dag og Tid nr. 30–31, 2013)
  2. Men mest tykkjer eg nynorskhatarane er toskne i hovudet sitt og kan halda kjeften på seg!

Det vil seie at regelen atter må modifiserast:

Og at den såleis er relevant for den nordvestre ruta og kan vere relevant for den nordaustre ruta i tabellen:

  …ein …mange
ein til… liv abort
mange til… mor korg

Rett nok er det svært vanleg å bryte Ottesenregelen – «dei*livet sitt», til dømes, finst det klårt mindre av på verdsveven enn «dei*liva sine». Men det at noko er vanleg å skrive, treng ikkje tyde at det skal stå på prent i Aftenposten, kan Ottesen seie.

Noko anna er det at regelen er ganske komplisert, så det kan vere verdt å prøve å kople den opp mot noko meir allment, som kan motivere den.

Ikkje ver sjølvmotseiande!

Vulgærversjonen av rasjonalet for Ottesenregelen er at setningar på forma «… A-er … B-ane sine» impliserer at minst ei av A-ene har to B-ar, eller at alle har det. Og da vil setninga om dei tre kongressrepresentantane motseie det som går fram av samanhengen, det som alt vart sagt, eller snarare skrive.

Men dette er berre tull. Det finst monaleg med arbeid om såkalla avhengig fleirtal, med Minor (2021) som eit førebels høgdepunkt, det er eit heilt lite forskingsfelt. Og sjølv om det enno ikkje er konsens om rette måten å analysere fenomenet på, er det full semje om denne deskriptive generaliseringa:

Og dette er ikkje i strid med noko som går fram av samanhengen. Ferdig med det.

Meir generelt er standardforteljinga om avhengig fleirtal at denne fleirtalsforma, «B-ar/-ane», ikke har fleirtalsfunksjon, men heller ikkje eintalsfunksjon – den tyder korkje det eine eller andre, med andre ord, den tyder at det er ei eller fleire, minst ei, det er tale om – men samtidig at det totalt er tale om minst to B-ar. Dette siste er multiplisitetskriteriet – sjå berre:

  1. #Dei tre klassekameratane snakka om kontaktlærarane sine.

For å seie det slik: Det avhengige fleirtalet inneber at det skal vere minst to A-er, det uavhengige fleirtalet, med minst ein B kvar, det avhengige fleirtalet.

Ikkje ver upresis!

I og for seg er det eit sentralt pragmatisk prinsipp, ein maksime, at ein skal vere så informativ ein kan. Det er ikkje urimeleg å tru at det er dette som ligg bak når Ottesen rettar «sine aborter» til «sin abort», for setninga (3) er faktisk logisk svakare enn (4), den stemmer på fleire scenario. Det (4) impliserer som (3) ikkje impliserer, er at kvar av dei tre har hatt ein og berre ein abort.

Presisjon er eit vanleg rasjonal for språkrettarar. Og visst skal ein vere så presis ein kan, når det berre er relevant og ikkje for tungvint, men her er det viktig å skilje mellom to tilfelle:

Det er i det andre tilfellet det – innanfor visse grenser – er om å gjere å vere presis. I det første er det det ikkje.

For dersom det skulle vere krav om bestandig å velje den uttrykksmåten som rimer med presisjonsnivået i konteksten, ville det bli så mykje å gjere for språkrettarane at dei ingen ende ville sjå på det, og språkbrukarane ville hamne i absurde situasjonar. Eg har greidd ut om dette tidlegare, sjå t.d. nest siste bladet i presentasjonen Terapitime for språkspalteofre. Det er rett og slett ikkje slik det naturlege språket fungerer – tvert om dreg vi heile tida nytte av at det som er sagt i konteksten, ikkje treng å seiast opp att.

Og dermed må Ottesenregelen formast heilt om, til versjon 2.0:

Og i og med at dette er i tråd med eit allment prinsipp, er det grunn til å tru at det går av seg sjølv, det treng ikkje slåast fast eins ærend, enn seie brukast som rette-snor.

Matteus 25:7 på polsk

Ottesen skreiv at det er «lett å gjøre denne feilen, spesielt om man oversetter fra engelsk». Det han vel meiner med det, er at engelsk manglar eit possessivpronomen som ikkje skil på eintal eller fleirtal hos possessoren, slik som det norske refleksive possessivet «si-». Og det kan nok vere at «their abortion» osb. er relativt lite brukt og at avhengig fleirtal er enda vanlegare i engelsk enn i norsk av den grunn.

Men det er ikkje engelsk påverknad som gjer at språk med refleksive possessivpronomen har avhengig fleirtal.

Nytestamentet er nok omsett, men ikkje frå engelsk. I dei europeiske språka som har refleksive possessivpronomen, heiter det i Matteus 25 om jomfruene som venta på brudgomen med kvar si lampe, at dei vakna og stelte i stand lampene sine. Her er vers 7 i ei polsk omsetting:

  1. Wówczas ocknęły się wszystkie te panny i oporządziły swoje lampy.

Referansar


comments powered by Disqus